UNGDOMSLAGET NYBROT er skipa i 1903 og står bak drift av Ungdomshuset Dalheim på Hundvin. Ungdomslaget er tilslutta Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Ungdomshuset Dalheim er eit naturleg samlingspunkt i bygda, og vert drive på dugnad av medlemmar i Ul Nybrot og andre frivillige. Faste arrangement i løpet av året er pubkvelder, raspeballmiddager, Nybrotsmarsjen i august og julemesse i november.
|
Ungdomshuset kan nyttast til ulike arrangement som konsert, basar, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller feiring av bursdagar, jubileum m.m.
Veil. priser på utleige 2023 Heile huset, til t.d bryllaup: 6000,- Storesalen fest/basar/møte: 3500,-/3000,-/ 1700,- Gamlesalen fest/møte: 2000,-/1000,- Peisestova til fest: 2000,- møte/barnebursdag: 1000,- Møterom på arka: 500,- Om ein har andre ynskjer for leige er det berre å komme med forespørsel. Ansvarleg leigetakar må vere over 25 år Kontaktperson for utleige: Trude Moldøen, 41285150. Leiar i UL Nybrot er Anne Gro Larsen. Øvrige styremedlemmer er Grete S. Kalnes, Trude Moldøen, Johanna Hauge, Rebecca Fjeldsbø og Arne Olav Halland (leiar i husstyret) Ta gjerne kontakt om du har innspel til aktivitet i huset, spørsmål av noko slag eller ynskjer å bidra i det frivillege arbeidet. Kontaktinformasjon: UL Nybrot c/o Hundvin Handel Vassbygdvegen 1241 5956 Hundvin e-post: ungdomslaget.nybrot@gmail.com |