Hundvin - Storavatnet - Eikangervassdraget
Frå Hundvinsvatnet kan du padle sørover og så dra kanoen over eidet mot aust og over i Storavatnet. Frå Storavatnet kan du koma over i Eikangervassdraget og gjennom Vikavatnet, Tveitavatnel og Heggernesvatnet til Høyland bru og Høylandsstemma. Her må kanoen over land eit lite stykke før turen kan fortsetja gjennom vassdraget til Liavatnet ved Eikangervågen. Her vert det igjen eit kort stykke over land før kanoen kan setjast på sjøen ved Eikangervåg og padleturen kan fortsetja ut i Osterfjorden. Kano og havkajakker kan leigast hjå Bruvoll camping på Hundvin. |
Risaosen - Lindåsosane - Fjellangerpollen:
Området heilt frå Risasjøen, -inn gjennom Lindåsosane, Fjellangervågen og til Eidsvatnet ved Vågseidet, er flott for padleturar. Her finn du mange holmar, sund og badeviker. Padlar du gjennom slusene ved Spjotøy, må du vere varsam med tanke på straumane. Omlag 2 timar etter offisiell tid for flo eller fjære (sjå avisane) er straumane rolege. Ergen og omland friluftsråd, i sammarbeid med lokale grunneigarar og kommunen har laga til rasteplassar i området for båt og kanofolket. Meir innformasjon om kanoløypene her finn du i eiga brosjyre som er lagt ut på turistinformasjonen i Knarvik og på bensinstasjonar, butikkar og reiselivsinstitusjonar i området, - eller ta kontakt med kommunen eller Bergen og omland friluftsråd.
Fabebustsjøen - Sæveråsvåg:
Strekninga Fanebustsjøen forbi Ådnøy og til Vabø, Linnevågen og Lotrebogane er også eit fint padleområde. I Lotrebogane er det flott å bade både for born og vaksne. Kanoen kan setjast på sjøen frå kaien på Fanebust eller på Sæverås.
Desse to løypene kan og kombinerast. Frå Fjellangervågen er det råd å dra kanoen over til Eidsvatnet, derfrå vidare til Austrevatnet, og så nytte bekkane først til Langevatnet og vidare ut i sjøen. Førebels er detikkje tilrettelagt for å dra kanoar mellom desse vatna, men dette kan verte aktuelt på eit seinare tidspunkt.

Turstiar i hundvinområdet
Selivarden. (Skausnøyi - Selifjellet - Reikeråsloftet):
Løypa over alle tre toppane tar omlag 5 timar, men turen kan ta til fleire stader Du kan gå frå sagbruket på Vågseidet i nord og kome opp hovudstien litt sør for Skausnøya. Frå vest kan du gå både frå Fjellsbø og Seljelid. Frå Fjellsbø startar løypa i skogsveg og kjem opp i hovudstien om lag midt mellom Skausnøya og Selivarden. Frå Seljelid kjem du direkte opp til Selivarden, som er det høgaste punktet på denne åsryggen, omlag 395 m.o.h. l sør tar stien til i skogsveg like før elva på Reikerås. Stien er stort sett fin. på turen er det flott utsyn over det meste av Nordhordland og også delar av Masfjorden og Gulen. Terrenget er ope med lyng, einebusker og ulike skogstypar i starten av løypene. Parkering er mogeleg i Vågseidet Senter eller på kommunal parkeringsplass på Fjellsbø.
Postvegen (Vågseidet - Nesfossen):
Dette er ein del av den gamle postvegen mellom Trondheim og Bergen. I Lindås går vegen mellom Fanebust på Lindås og Isdalstø. Strekninga frå Vågseidet til Nesfossen er best bevart og er skilta og eignar seg godt for turgåing. Langs vegen kan du sjå gamal vegbyggingsteknikk i bruer og murar. Bilen kan parkerast ved Vågseidet senter, ved Hundvin handel eller ved kyrkja på Hundvin.
Kvalvågnes
I dette området fins det mange flotte fiskeplassar, spesielt utover mot Lurestraumen. Bilen må parkerast på offentleg parkeringsplass ca. 150 m. før enden av kommunevegen. Herfrå går løypa langs grus' ca. 800m, før den går inn på god sti ut mot Straumsneset. Du kan ta ein avstikkar ned til den gamle dampskipskaien. Ved grunnanne gammal husmannsplass er det fint for t.d. telting. Turen fram og tilbake tar i overkant av 1 time. På vegen ser du over til Lygra med lyngheimuseet.
Turstiar utanfor hundvinområdet
Lauvåsvarden
Til Lauvåsvarden går stien både frå Lauvås, Brunndalen og frå søre enden av Risafeltet via Brunndalen dersom du ønskjer ein litt lengre tur. Frå Risafeltet går stien forbi Skipeidtjørna langs austre sida av Rotevatnet på grusveg til Brunndalen, der stien går vidare til Lauvåsvarden.
Kolåsfjellet
Denne turen er ei rundløype som går mellom den øvste garden på Kolås og skogsveg litt lenger vest. Stien går i ope terreng over lyngdekte heier og langs myr. Kolåsfjellet ligg 208 m.o.h. der du får eit fint utsyn over Lindås, Fensfjorden og nabokommunane Masfjorden, Austrheim, Fedje og Gulen. Bilen kan parkerast i Lindås senter.
Gladihaug
Turen har fleire utganspunkt og tar 2 - 4 timar avhengig av traseen du vel. Du kan starta frå Hopsdal, Munndal, Vatne ved Seim eller på nordaust sida av Furubergtunnellen. Stiane er gode, og frå toppen, 431 m.o.h., har du flott utsyn over søre delar av Nordhordland. På stien frå Vatne ovr Eikeland passerer du gamle torvhus. Ved start i Hopsdal er kommunal parkeringsplass. Ved Furubergtunnellen må bilen parkerast ved gamletunnelen.
Bøkeskogen/Skarstveten
Ved Vallevika friluftsområde på Seim har me den nordlegaste viltveksande bøkeskogen i Europa. Deler av bøkeskogen er verna naturreservat. Stiane rundt i skogen har god kvalitet. Like ved er Vallevik feriesenter som kan tilby overnatting, mat og båtutleige. Her er og eit offentleg friluftsområde med badeplass. Turen kan kombinerast med fottutur opp til Skarsveten. Stien startar ved det høgaste punktet på vegen overLitleskare. Tar av frå denne ganske snart, og går så bratt opp mot toppen. Stien er godt rydda og går gjennom blandingsskog. Toppen ligg 249 m.o.h og her i frå er det eit vidt utsyn over kommunen og nabokommunane. Du kan sjå opptil 12 kyrkjer.
Midtfjellet -Vassberget - Kvamsfjellet -Tveitevarden :
I dette området er det ei rekkje fine turløyper med mange utgangspunkt. Midtfjellet, Vassberget, Kvamsfjellet og Tveitavard er namna på dei fire toppane i område, - der Vassberget på 288 m.o.h. er den høgaste. Her kan du velja mellom korte og lange turar, då løypene heng saman heilt frå Sellevoll til Isdal, Sellevoll, Fosse, Håland, Erstad, Tveiten Åse og Hordasmia i Isdal er alle aktuelle utgangspunkt. Stian går gjennom skog og forbi verna våtmarksområde ved Fossevatna, der myrene er hekkeplass og rasteplass for vadefuglar. Frå toppane har du utsyn mot Alversundsområdet og Bergensområdet. Bilar kan parkerast på kommunal parkeringplass ved Fossevatna, ved rasteplass i Trædalen eller langs vegen over Erstadfjellet.

Dette er ein del av den gamle postvegen mellom Trondheim og Bergen. I Lindås går vegen mellom Fanebust på Lindås og Isdalstø.
Strekninga frå Vågseidet til Nesfossen er best bevart og er skilta og eignar seg godt for turgåing. Langs vegen kan du sjå gamal vegbyggingsteknikk i bruer og murar.
Bilen kan parkerast ved Vågseidet senter, ved Hundvin handel eller ved kyrkja på Hundvin.

Historikk:
Ved kgl.res. av 13.mai 1785 vart det lagt opp til regelbunden og vekefast postføring mellom Bergen og Trondheim. Undervegs skulle vegen tene dei "kondisjonerte", militære, embetsmenn og prestar.
Vegbygging og vedlikehald av postvegen var tunge plikter for bønder og småkårsfolk. 12 dagars pliktarbeid vår og haust saman med 4 skilling vegmeistertoll "af hver Jordbrugende beboer" kjendes som urettferdig åk. Dei fann sjølve liten nytte i vegen.
Bøndene var pålagde å syte for skyss til reisande langs postvegen. Embetsmenn hadde rett til fri skyss, medan andre reisande måtte betale for seg. Slik skyssing vart betre betalt enn det post-bøndene fekk for å føre posten. Om privat skyssing kunne gje god ekstra-inntekt, var det likevel til tider ei belastning. Det passa ofte dårleg i slåtten.
Postvegen er i seg sjølv eit verdfullt kulturminne som det er viktig å ta vare på. Ulike prosjekt har vore gjennomført både for å betre tilgjenget til vegen og å informere om den.