Hundvinkyrkja vart reist i 1936 på dugnad. Kyrkjegarden vart teken i bruk alt i 1884. I dag har me ei kyrkje som er mykje i bruk. Det er gudsteneste om lag tredje kvar veke, og bryllaup, gravferder og konsertar I tillegg.
17. mai er det alltid gudsteneste i samband med feiringa, og det same gjeld julaftan. Soknerådet er leia av Lars Martin Larsen. Soknepresten er Harald Sundsbø. Du kan lesa meir om Lindås kyrkjelydskontor på denne linken; http://www.lmh-kyrkje.net/ |
Historie
Kort resyme frå kyrkjebygginga i 1936. Meir finn du i festskriftet til Hundvin kyrkje sitt 50-års jubileum (1986). Kontakt soknerådet tlf. 56 36 35 89.Ved kongeleg resolusjon av 30. April 1936 vart det gjeve byggeløyve for ei kapellkyrkje på Hundvin. Søndag 24. mai same året vart grunnsteinen til kyrkja lagt ned av biskop Andreas Fleischer, med assistanse av sokneprest Thorseth og kapellan Brekke. Det var for høvet tillyst gudsteneste. På kyrkjetomten var det sett opp ein tribune, omgjeven av bjørkelauv og norske flagg. Veret var strålande, og mykje folk hadde møtt fram 300- 400 i alt. Mange kom langvegs frå. Biskopen held først ei vanleg preike. Deretter tala han om kyrkja som skulle oppførast på denne staden. Han nemnde til slutt at Jesus var grunnsteinen for alle som ville verta frelste. Så vart grunnsteinen nedlagt av biskopen med hjelp av formannen i byggjenemnda, Ivar H. Wiik. I eit rom, laga til det, vart det sett ned eit koparskrin. I skrinet låg ei historisk utgreiing om arbeidet for kyrkja fram gjennom tida. Der vart og lagt ein bibel og ei salmebok. Likeeins den vanlege mynt, frå eitt øre til ei krone. Dessutan eit skriv om kven som var konge i Noreg, og kven som var statsminister, fylkesmann og biskop. Etter at den vanlege seremonien var over, tala sokneprest Thorseth. Til slutt tala kapellan Brekke. Alle tykte det var ei høgtidsstund folk ville minnast lenge. No låg grunnmuren ferdig, utført på dugnad, under leiing av Nicolai Halland, Hetlehovda, som formann. Byggearbeidet vart lyst ut på anbod og det kom inn sju tilbod. Arbeidet gjekk til byggefirmaet Tennø & Skår, Brattvåg (ved Ålesund). Dei var tre mann, men hadde hjelp av fleire frå bygda. Teikningar til kyrkja hadde kyrkjebyggar Ole Gabrielsen Spjutøy laga, men desse vart ikkje godkjende av departementet, som tykte at kyrkja var for stor. Han teikna so ei mindre, men heller ikkje denne vart godteken. Ei ny teikning (som dei fekk gratis) av Riksarkitektkontoret vart lagt til grunn for arbeidet. Målararbeidet fekk Taranger frå Frekhaug. |
Preikestolen i Hundvin Kyrkja
Pipeorgelet i Hundvin Kyrkja
|
Pipeorgelet
Det var ei anonym gåve på 100.000 kroner øremerka orgel til kyrkja, som fekk fortgang i orgelsaka på Hundvin tidleg på 90-talet. Sidan gjekk det slag i slag, med innsamling i bygda, og ei rekkje budsjettrundar i kommunen. I 1993 vart kantor Ivar Mæland leigd inn som konsulent, og det vart henta inn anbod på bygging av orgelet.
Sidan den tid har organisten Gunnar Hageberg, Ivar Mæland, soknerådet, fellesrådet og ei eiga orgelnemnd, jobba trutt med saka.
Etter at det elektroniske orgelet takka for seg midt i ein salme i 1996, vart det sett endå meir fortgang i saka. Men først i 1998 såg kommunen det økonomisk forsvarleg å teikna kontrakt. Då hadde bygdefolket sjølv samla inn om lag 385.000 kroner.
Under vigslingsgudstenesta var kyrkja mest full. Både kantor Ivar Mæland og Gunnar Hageberg trakterte det nye orgelet, og det var sett saman eit kor i høve den store dagen. Mange av dei som var med på gudstenesta vart også med på festmiddagen i bedehuset etterpå. Blant dei innbydde gjestane var dei tidlegare prestane i soknet, Ingvar Fykse og Øyvind Øy samt prost Kåre Mestad. I tillegg var der representantar frå Kyrkjeleg fellesråd, orgelnemnda, handtverkarar og andre.
Gunnar Hageberg, Ivar Mæland og Nils Træland fortalde i korte trekk om korleis framdrifta i prosjektet hadde vore.
Leiaren i Lindås kyrkjelege fellesråd, Inge Alver, var imponert over innsatsen til bygda. Dette understreka også prost Kåre Mestad i si helsing.
- Utan all dugnaden og offerviljen til bygdefolket hadde det aldri vorte noko orgel, sa han. Han håper det nye orgelet vil stimulera til auka frammøte i kyrkja. Ingvar Fykse retta ei spesiell takk til inspiratoren Gunnar Hageberg, som har stått på for saka i ti år.
- Kantor og konsulent Ivar Mæland sa at orgelet er fullt ut tilfredsstillande både lyd og interiørmessig. Han meiner dei har klart å balansera mellom både økonomi, ynskjer, behov og krav.
Om kvelden var det konsert i kyrkja, med Ivar Mæland ved orgelet. Han presenterte orgelet både åleine og saman med Lindås strykeorkester og søstrene Linda og Cristel Røyseth. Kjerst Ewiik, som skulle vore solist, vart sjuk, men dei to songelevane hennar stilte opp på kort varsel med ei flott samling religiøse folketonar.