Vågseidet
Litt historie om Våge, Gr. 99 i Lindås sokn.
Post, båt og butikk
Våge ligg i den sørlige delen av Lindås sokn med Gaulen i vest, Fjellsenda i aust, Løtveit i sør og Fjellangervågen, og Vågseidvatnet (og kalla Fjellsendevatnet eller Vestavatnet. Eidsvatnet er også brukt). Nausta til Våge låg frå gammalt av i Fjellangvågen. Vågseidet, med namn etter Våge og eidet (landstripe) mellom Fjellangvågen og Vågseidvatnet, vart eit senter for denne delen av bygda, med postkontor, butikk , bakeri og telefonsentral. Postopneriet kom i gang i 1905, og vart nemnt som postkontor frå 1973. Det vart nedlagt i 1993, men postadressa 5959 Vågseidet er framleis i bruk. Rutebåten gjekk fast til kaien på Vågseidet frå 1908 (då slusa i Skallestraumen sør for Sprutøyna i Lygra sokn vart opna) til midten av 1950 - talet, då trafikken gjekk over til land med buss og bil. Den gamle trondheimske postvegen nordover frå Bergen gjekk m.a. gjennom Våge. Våge ligg langs hovedvegen (noverande FV 57), som tidlegare var den gamle bygdavegen. Våge fekk elektrisk straum i 1921.
Namn og alder
Gardsnamnet kjem av naturnamnet våg, og har namn etter Fjellangvågen. Uttalen “våje” er brukt i Nordhordland. Våge er eit vanlig gardsnamn både i Hordaland og ellers i Noreg. Det er uråd å seia om Våge låd aud etter Svartedauden (1349), det var iallfall drift her i 1519. Då var oppsitjaren “Siwr i Vhue”, (ei noko forvanska skriveform). Det vart skrive Woge i 1522, Vouge i 1563 og Waage i 1590, dette var ei mykje nytta navneform. Vouge var skrivemåten i 1603 og Voghe i 1666. I kyrkjebøkene på 1700 - talet vart det for det meste skrive Waage eller Vaage. Matriklane på 1800 - talet nytta forma Vaage, som vart endra til noverande skrivemåte Våge då å -en vart innført på børjinga av 1900 - talet. Som slektsnavn er både Våge, Vaage og Waage nytta.
Eigarar
Våge var tidlegare krongods , dvs i eiga til kongen. Garden er såleis oppført som krongods i lenrekneskapen for 1597. I eineveldetida (frå 1660) vart mykje av krongodset selt pga statlig pengemangel som følgje av utstrekt krigføring, og i 1663 vart Abel Munthe (d.1676) eigar av Våge. Ho budde i Bergen og var dotter av biskop Ludvig Munthe , og enkje etter presten Peder Nilson Lem . Frå 1677 til 1686 er oberstløytnant Kristian Nilson Holberg i Bergen ført som eigar. Frå 1688 er enkja ført som eigar. Ho var Karen Lem, dotter til Abel og Peder ovanfor. Sonen til Kristian og Karen var forfatteren Ludvig Holdberg. Frå 1695 til 1703 var Karen sine arvinger førte som eigarar av Våge. I 1704 hadde sokneprest Johan Madsen fått hand om garden. Enkja Anna Hansdatter vart oppattgift med Henning Frimann, og han er ført som eigar i 1721. Etter mannens død er det enkja som sjølv skriv ut bygselbrev til leiglenningane. På dødsbuauksjon etter henne i 1770 vart Våge seld til oppsitjaren på bruk 4, Ivar Jonson, og dermed kom garden i sjølveige.
Garden
Målt etter skatteskyld og folketal er Våge ein middels stor gard i Lindås sokn. Den gamle landskylda var 1 Laup smør, ½ tønne malt og 1 (storfe)-hud. Garden var delt i to bruk alt i 1590. Frå 1609 hadde garden 3 bruk. Det tredje vart ei tid delt mellom dei to andre bruka, og opphøyrte heilt som eige bruk i 1734. Sidan har Våge hatt to hovedbruk. Vågseidet med landhandel vart etablert i 1875. Eit bureisningsbruk vart skipa før krigen. I seinare tid har fleire bustad- og forretningstomter vorte frådelte. Her var ein husmannsplass rundt 1800.
Kvern og sagbruk
I 1723 er det nemnd to flomkverner på Våge. Kvernene låg i Gaulelva og i Vågseidelva mellom Fjellangvågen og Vågseidvatnet, som har eit stort vassfall. Her vart det laga ei stemme og bygd ei vassdriven sag. I Gaulelva finst det enno murar og kvernsteiner. Ein måtte ha løyve frå staten for å driva sagbruk. I 1775 fekk Ivar Jonson og Kolbein Johannesson Våge, samt Eirik Olsen, Johannes Lasseson og Ola Besseson Fjellanger kongelig bevilgning på ei bygdesag på garden Våge sin grunn. Vilkåra var at skogen ikke måtte hoggast ut eller li skade, og at borda berre måtte nyttas lokalt og ikke førast ut or bygda. Frå 1790 til 1797 låg saga nede, og seinare var saga i drift i perioder. I 1798 fekk Lensmann Lars Larson Fjellsenda skøyte på grunnen til flomsaga med tilhøyrande vassfall, samt nok areal til å leggja tømmeret på. Sonen Ludvig Larson Fjellsenda fekk skjøyte i 1820. Han selde flomsaga med grunnen i 1839 til Ivar Nilson Marås og Ole Hermundsen Hauge. I 1893 vart grensene for flomsaggrunnen med vassfall og opplagstomt fastslegne mellom dei tre grunneigarane på Våge. Siri Olsdatter Fjellanger ( dotter til Ole Hermundsen ) hadde fått hand om saga som arv etter faren. Henrik Olsen Fjellanger fekk skøyte i 1898 av farmora Siri. Etter usemje med eigaren av br.2 Vågseidet, Ole Johannesen Bakke om grensene til dette grunnstykket, vart Ole og Henrik forlikte i 1908. Ved utskiftninga i 1915 kravde Henrik Olsen Fjellanger at dette jordstykket skulle frådelast Våge, og dette vart vedtatt. Saga med tomten høyrer i dag til Fjellanger Br.103/8. Kvernhusa byrja å forfalla, og Henrik bygde i 1936 eit større hus over saga og sette inn kverna her. Kornmølla (kverna) vart mykje nytta under krigen, etterpå slutta drifta. Ei fløy med husvære vart bygd på mølla i 1949, med snikkarverkstad under. Saga vart driven til midten av 1960 - talet. So var også det slutt. I dag er det husvære for utleige og marina med båtutleige og ATV.
Handelsstaden Vågseidet
Johan Arneson Brunnsland fekk festesetel på eit utmarksstykke av Våge frå oppsitjarane i 1875. Stykket ligg mellom Fjellangvågen og Vågseidvatnet. Her fekk dei høve til å driva landhandel og ta inn losjerende. Våningshus vart sett opp, den eine stova vart nytta til landhandelen. I tillegg vart det satt opp ei lita løe. Ølskatten vart betalt med 16 kr i året frå 1880. Men “grundet misligholdelse” mista dei retten til ølutsal frå 1.Januar 1882. Men alt i slutten av Mars snudde kommunestyret og gav ølretten tilbake. Johannes var elles skomaker i tillegg til landhandel. Kornelius Larson Hauge fekk skøyte på Vågseidet i 1883. Han dreiv landhandelen videre og starta også opp med gardsdrift og husdyr. Dei fekk rett til ølsal i 1883. Men kommunestyret vedtok i 1885 at det skulle vera slutt på all øl- og vinsal frå 1.Januar 1886. I 1888 selde dei Vågseidet og flytta til Fusa, der dei også dreiv handel. Seinare emigrerte dei til Amerika. Ola Larson Sæverås fekk skøyte i 1888 og dreiv landhandelen og garden videre. Dei satte opp eit lite bygg i 1889, som seinare vart nytta som bakeri. I 1893 fekk Johannes Olson Bakke (f.Gaulen) skøte på Vågseidet. Dei flytta ikke hit før i 1899. Det var dei to sønene Kaspar og Ole som dreiv handelen og gardsbruket. Johannes var skulehaldar i Lindås sokn frå 1859 til 1877. Seinare på Bakka i Austrheim. I dagligtalen vart handelsstaden kalla Eide. Ole Johannesson Bakke fekk skøyte i 1902. Postopneri vart etablert her i 1905 med Ole som den fyrste styreren. Han hadde også ruteubåtekspedisjonen. Vånigshuset vart påbygd i 1927 og butikkdelen fekk eigen inngang. Telefonstasjon var her til 1953. Eit eige handelshus med postkontor og husvære vart bygd i 1954 på andre sida av hovedvegen. Her var det den kommunale tannlegen i Lindås held til i mange år.
Fornminne
Det vart gjort gamle steinfunn og reiskapsfunn på Gudmundsoldrane på br.1 og 6 før krigen. På Krosshaugen om lag 150 m nord for tunet til br.1 var det eit vidt utsyn (før skogen kom), og haugen var lenge ein samlingsstad for folk, truleg alt frå kristen tid (derav navnet Krosshaugen). I samband med koleraepidemien i 1849 vart det laga ein kolerakyrkjegard på ei flate på å-skammen ned mot Gaulelva. Her var det liggjande, kraftige naturheller som var synlige til rundt 1950. Området er seinere gjennvakse, dels med skog.
Kjelde: Bygdebok III, Lindås sokn.