HUNDVIN.NO
  • Heim
  • Bygda vår
    • Om Hundvin grend
    • LAG & ORGANISASJONAR
    • Aktiviteter
    • Stader
  • Arrangement
  • Blogg
  • Kategori
​Julekonserten 16.des kl.19 i Hundvin kyrkje er nå dessverre avlyst.
Har du lyst til å Vere med?
Går du i 4, 5 , 6 eller 7 klasse?
Likar du gøy, trist, rar nifs eller fortryllende musikk?
Har du lyst til å spele eit instrument?
Vil du bli med på eit lag med både store og små? Skodvin skulemusikk startar

ASPIRANTKURS
torsdag 27.aug. kl. 15-16:30 på
Skodvin Montessoriskule.
Instruktør er korpset sin dirigent, Henning Anundsen
På kurset får du lære notar og å spele eit instrument. Men du må også øve heime for at både du og dei andre på kurset skal ha framgang. Neste haust kan du byrje å spele i korpset vårt. Men før det skjer det mykje spennande!

Til dei vaksne:
Kurset kostar 400kr og inkluderer medlemskontingent i NMF, kurshefte, lån av instrument samt instruktørtimar sesongen 2020/21. Kurset går torsdagar kl 15-16:30 og fylgjer skuleruta.
Meir info og påmelding?
Ta kontakt med Kjellaug S Feste på tlf. 48 08 Ol 55

Helsing Skodvin skulemusikk

Skodvin Skulemusikk - Samhold , samklang og speleglede

Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Skodvin Skulemusikk har som føremål å fremje interesse for, og utøving av musikk mellom medlemmene, og medverke til utvikling av sunne interesser og godt venskap. Korpset skal drive opplæring av musikantar og aspirantar, for å auke den musikalske forståing og styrkje kameratskap og samhald i korpset.

Meritter

Picture
Em Sølv 


​Lydopptak/video
​(Klikk på video som kjem fram for å få lyd)
​ 

Send oss vinnerbilde fra Nordisk
 Nordiske mestere
Picture
7 heimkomster med NM  GULL
I korpset har alltid det musikalske vore prioritert og kopset har deltatt på ei rekke konkurransar og festivalar. Heilt sidan 1982 har SSM deltatt i NM-finalen for skulekorps. I 1986 vann korpset 1.divisjon for brasskorps. I 2001 og 2008 vann korpset 2. divisjon.  I 2010 fikk me ein flott 3.dje plass i 2. divisjon. I 2014 og 2016 vann me 2.divisjon i NM. Skodvin har også vunne Nordisk Mesterskap , samt delteke tre gonger i EM for skule- og ungdomskorps, med 2. plass som beste resultat. Skodvin har i alle år vore blandt dei beste skulekorpsa i landet. Korpset har også vunne ei rekke individuelle prisar for beste grupper i Brassfestivalar. (Beste salgverkgruppe, beste trombonerekke, beste solokornett, beste solistinnslag osv)

Dirigenter

Picture
Picture
Første dirigent var Sondre Lindås. Etter litt opp og ned med både dirigentar og musikantar vart det tatt kontakt med Knut Harald Rydland, og 13. oktober 1978 hadde han si første økt som dirigent for SSM. Sidan har han vore korpset sin faste dirigent, kun avbrote av eitt års permisjon. Han studerte då ved Griegakademiet. Dette året, sesongen 94/95, var Knut Atle Johannessen dirigent. Sommeren 2009 takka Knut Harald for seg etter 31 år som dirigent for Skodvin Skulemusikk. Knut Harald har  bidratt sterkt til det levande skulekorps miljøet i Lindås Kommune. Og mange av Skodvin musikantene har fortsatt karriera i Eikanger Bjørsvik, Oster, Manger og Lindås. Dagens dirigent som overtok dirigenstokken etter Knut Harald, er dyktige Henning Anundsen med lang fartstid frå Eikanger Bjørsvik Musikklag. 

Opptak av nye aspiranter - fra fjerde klasse

Me gleder oss til å sjå deg i korpset!Skal du opp i fjerdeklasse kan du bli aspirant i Skodvin Skulemusikk.

​Er du tilflyttar og ynskjer å starte i korpset, ikkje nøl med å ta kontakt med leiar.
Picture
Picture

Stor dugnadsånd i Skulemusikken

Picture
Pakkedugnad Knarvikmila
Picture
Lefsebaking og tyttebærsylting
Picture
Picture
Korps på friluftstur
Picture
Årleg loppemarknad og egen fjesbokside "Loppekassen"
Picture
Picture
Picture
Picture
Dugnad er det som alltid har finansiert verksemda til korpset. Korpset har eiga støtteforening, som tek seg av alle typar serveringsoppdrag, frå konfirmasjon og bryllaup, til julebord og andre festar. Dei fleste av desse skjer i ungdomshuset ”Dalheim”. Korpset har også sin faste juleaksjon med salg av julekalender til bygdefolket. Vi har også fast loppemarknad i september kvart år og ein basar kvart år, denne vert vanlegvis arrangert i februar. 

Leiar

Picture
Skodvin skulemusikk påtar seg serveringsoppdrag. ​
Ta kontakt med leiar 
Tlf.: 48 08 01 55 dersom du har et arrangement du ønsker servering til.
Kontakt leiar i Skodvin Skulemusikk
Dagens leiar, Kjellaug Seljelid Feste, brenner for korpset og er tett på musikantane 

Skodvin Skulemusikk -  Ei reise tilbake i tid -  Skipa i 1976
Picture
Det var stor stas for bygda å få eige korps på 17. mai. 
Foreldrerådet tok intiativ til å starte korpset i 1976, då det var eit sterkt ynskje om å ha korps i bygda. Spesiellt med tanke på 17.mai feiring. Instrument vart bestillte og instruksjon kom i gang hausten 1976. Året etter var korpset med på sjølvaste 17.mai
Picture
Send oss bilder fra "gamledager"

Picture
Picture



​​

Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
​

​
  • Heim
  • Bygda vår
    • Om Hundvin grend
    • LAG & ORGANISASJONAR
    • Aktiviteter
    • Stader
  • Arrangement
  • Blogg
  • Kategori