Mulen
Frå "To gamle segner frå Lindås" ved Per Hundvin
Beint aust for garden Hundvin i Lindås herad er der eit lite stupbratt fjell, dei kallar Mulen. På tri sidor er det so hoggande bratt, at det er umlag uråd for folk å kliva upp. På fjerde sida, den som vender mot nord, heng det saman med ein lang åsrygg, Bruvollåsen. Og frå ein noko høgare bergkant på denne, Kviteberget dei kallar, og til toppen av Mulen er det korkje høgt eller sers bratt. Men midt uppe i hallet, tvert yver det stykket der ein kan koma upp, hev det vore bygd ein diger steinmur eingong i gamal tid, og mykje av muren stend att endå. Uppe på toppen av Mulen er det fint og flatt med ei vidd på eit par mål jord. I midten er der eit liti tjønn eller rettare ein stor dam, som det heldt seg vatn i lenge.
Ei segn i bygdi segjer, at Mulen var ein naudstad, der folk i gamal tid, vikingtidi eller i borgarkrigane, søkte til for å verja liv og eigedom mot ransmenner, som gjorde strandhogg. Då samla folket i bygdi seg upp der med all sin buskap og elles alle eignalutane dei kunde få med seg. Staden var lett å verja. Berre på nordsida der muren var, kunde ransmennene hava von om å koma upp, men her møtte dei alle våpenføre menn (og kvinnor) som tok mot dei med stein og staur og det som for handi var. Og så laut ufredsmennene hopa.
Red. Webmaster 12.03.03
Ei bygdeborg i Lindås; Av Anders Konglevoll
I årboki "frå Fjon til Fusa" 1948 side 91 hev Per Hundvin fortalt litegrann om "Mulen". Han kallar det ei segn.
Eg hev aldri høyrt at det er ei segn. Det er ei gamal bygdeborg me hev her, men folk flest hev lite greida på det, og eg hadde aldri høyrt om det før eg vinteren 1885-86 gjekk på Nordh. Amtsskule på Lindås, og av bygdefolk hev eg aldri høyrt noko om det seinare hellar. Styraren på skulen, Gunnar Frette (seinare prest og prost), sa det var ein gamal bygdeborg her inne. Ein dag tok me i veg heile skuleflokken til "Mulen".
Borgi ligg på synste enden av åsen som gjeng sør etter millom Konglevoll og Bruvoll (åsen som tunellen no gjeng i gjenom) på austsida av Hundvinvatnet. Det er tri toppar søretter frå Borgskaret. Fyrst ein rundkoll " klampen". Kjem ein eit stykke sør etter, vert åsen høgare med ein avlang koll som endar i ei lågd eller grundt skard, for so å høgna att ikkje så lite og laga ein helst rund vid flate; "Mulen". Det er uråd å koma opp til desse siste haugane eller toppane korkje på aust-eller vestsida, men for søre enden gjeng det vist an å krabba seg opp.
For nordre enden av kvar av desse siste høgdene var der leivder etter tjukke murar, og dei var ikkje så reint låge heller, var ikkje lite over marki, men låg no mykje på undersida som røys. Dei hadde i gjenom tidene ramla ned sjølvsagt, og noko hadde vel folk i uforstand rive ned. No er det diverre rive meir ned, og so er dei mest heilt voksne over av store einer.
Styraren fortalde der om bygdeborgene og deira føremål. Han sette oss til å finna stein og mura ein varde på "klampen".
Me hev fleire namn her som hev sitt opphav frå "Borgi". Soleis "Borgskaret", straks før tunellen, der den gamle bygdevegen frå Hundvin til Vik gjeng igjenom. "Borgdalane", dalstrøket på austsida av åsen og "Borgdalskleivi" ei kleiv for søre enden av ungdomshuset "Dalheim", der den gamle gongvegen frå Hundvin om Borgskaret over nedre Skodvin og Fjellsbø til Myking gjekk før den nye hovudvegen Hundvin-Lindås.
Midt oppå Mulen var før ei tjønn. Om ho var laga av naturi eller var utgravi av folk for å ha vatn, når dei laut forskansa seg der for overfallsmenn, veit eg ikkje. Det er ikkje etterrøkt av nokon, men det er mykje truleg. No er ho heilt attgrodd og ligg som ei grasflata eller lyngflata.
hundvin.no tek og med følgande historie eller "segni"; av Anders Konglevoll
Der den gamle bygdevegen om Borgskaret kjem ned i dalen på austsida av åsen, gjeng vegen over ei myr eller som ei lon. Dette kallast "Botalvsdiket". Segni seier at ein mann frå Grimstad og ein frå Konglevoll trettast om merke her. Det bar ihop og enda med at mannen frå Konglevoll slo ihjel mannen frå Grimstad og grov han ned i myri. På sør sida av vegen her ligg ein stor stein og den velta han over. Men det er lite truleg for det er fleire lass i steinen om han vart skoten sund. Konglevoll betala kvart år kr.1,60 eller 2 ort, som skulle vera mulkt for dråpet der i "Botelsdiket".
Red. Webmaster 15.03.03